INSTAGRAM MAT/OPPSKRIFTER GIVEAWAY HUS OG HEIM FAMILIE OG BARN

Ingen tid å miste!

I dag er det TV-aksjonen igjen, og i år går inntektene til demensforskning og til å skape gode tilbud til demensramma og deira pårørande. Eg kjem til å gje mitt bidrag med hjertet i år. Eg har gitt pengar til TV-aksjonen stort sett kvart år (når eg har vore heime og har hugsa på det), men i år kjenner eg at eg føler meg som ein del av det meir enn tidligare. 




Farmora mi fekk demens og vart berre ein skugge av seg sjølv dei siste åra ho levde. Ho var ei dame med skikkelig tak i, og ei dame som alltid var aktiv og sosial. Til eg var fem år budde vi i det same huset som farmor og farfar, og etter det i "nyehuset" rett ved sidan av, så eg såg farmor kvar dag i oppveksten. Sidan eg etterkvart flytta heimefrå og begynte å studere veit eg ikkje akkurat når ho fekk demens, men eg merka veldig godt utviklinga frå gong til gong i den perioden det vart merkbart. Ho var heilt som vanlig for det meste, men tulla med dei mest grunnleggande ting. Så begynte ho å ta feil av dagar og tid på døgnet. Det verste var at ho vart frustrert over at ho tulla, og at ho sikkert må ha blitt redd då ho skjønte at ho ikkje fann veien tilbake sjølv. Det er ein fase ved demens som er heilt hjerteskjerande, og det er ganske fælt å tenke på at ho sjølv forstod at det var noko gale. Det var meir enn ein gong ho ikkje forstod kvifor ho skulle vere att på eldresenteret når vi andre skulle reise heim... Kva seier ein til det? 

For oss som var rundt farmor var det heller ikkje enkelt. Foreldrene våre var dei som måtte ta det vanskelige og praktiske, så eg kan berre uttale meg om mi eiga oppleving av det. Enkelte gongar var det berre frustrerande å skulle svare på dei same spørsmåla om att og om att. Kvar vi bur, kor lenge vi skal vere heime, kor gamle ungane er og så vidare. Så kom perioden då ho ikkje hugsa navna våre, og etterkvart hugsa ho heller ikkje kven vi var. Då er det vanskelig å vite kva ein skal snakke om når ein er på besøk. Eg begynte å ta med meg bilder som eg viste til farmor. Mest nye bilder, men også litt gamle bilder slik at ho kunne fortelle meg ting som ho visste. Ho kunne lure på kven eg var då eg kom inn i rommet, men ho hugsa alt mulig frå den tida pappa var liten. 




Sorga over å miste farmor var langvarig og gjekk gradvis i takt med demensen. Det var sjølvsagt trist då ho døde sommaren 2011, men det var lenge sidan eg hadde mista den farmora som eg kjende så godt. Eg veit ikkje kva eg skal seie er verst, men eg veit definitivt kva eg ville foretrekke for min egen del når eg vert gammal! Og det er ikkje demens! 

Vi er jammen heldige som bur i eit land der vi har gode tilbod til dei som treng omsorg heile døgnet. Likevel er det viktig at både tilbodet til dei som får demens vert bedre, og at forskninga vert drive enno lenger. Eg skal ta godt i mot bøsseberarane i dag, og sjølvsagt gje eit godt bidrag til ei god sak. Eg håpar alle andre gjer det same! 

 

#TVaksjon #demens #familie #mammablogg #innsamling #ingentidåmiste


... Ingen kommentarer

Grove rundstykker med frø




Tenkte eg skulle dele favorittoppskrifta mi på grove rundstykker. Dei er fulle av frø og grovt mjøl, og veldig mettande! Vi brukar dei mykje til frukost og ein del i matpakkar. Heilt suveren til å fryse og tine i steikeovnen når dei skal brukast. Då smakar dei heilt som nybakte, nam! 

Oppskrift på grove rundstykke (32 stk): 

170 g solsikkekjerner (ca 2,5 dl) - 170 g havregryn (ca 5 dl) - 170 g sesamfrø (ca 3 dl) - 1 pk tørrgjær - 1-2 ts salt - 800 g grovt kveitemjøl (ca same mål som vanlig kveitemjøl) - 400-500 g kveitemjøl - 5-6 ts sukker (eg har av og til brukt 1-2 ss sirup i staden) - 1 liter vatn (ca 40 grader) - 2 dl olje (raps eller oliven har eg brukt)

Bland alt det tørre. Hell i vatn og olje og elt deigen godt! La deigen heve ca 1 time. 

Del deigen i 32 emner som formast som bollar. Legg dei på bakepapir og trykk dei litt flate (då vert dei litt meir handterlige å skjere opp og ete). La rundstykka etterheve ca 15 min. 

Steikast på 225 grader i ca 15 min, eller til dei er gyldne.

Evt kan ein ha i 1-2 dl linfrø, det gjorde eg no sist. Det vart kjempegodt!  

Oppskrifta seier at ein skal ta 800 g kveitemjøl, men eg har funne ut at mine rundstykke blir best med ca halvparten. Då vert dessutan mindre av det fine mjølet, og dermed litt sunnare!



 

Som så mykje anna godt eg har lært meg å lage, kjem denne oppskrifta frå mamma, som igjen har fått den av ei venninne. Dei som først har begynt å bake desse rundstykkene vert som regel hekta på dei. Det tek litt tid sidan deigen skal heve ei stund, men dei er enkle å lage, særlig viss ein har tilgang på kjøkkenmaskin. Eg har ei heilt ordinær Kenwood-maskin, ikkje ei slik som pyntar så mykje, men jammen gjer den jobben likevel. Det finst mange som er fine som eit møbel, men det frista ikkje å betale 3 gongar så mykje berre for designet. Kanskje ein annan gong. God baking! 

 

#oppskrift #rundstykker #mat #grovbakst #mammablogg #sunn 


... 5 kommentarer

Søvnmangel!!

Det er ikkje det at eg har gløymt fenomenet sidan jentene var små - dei er no 12 og 13 år gamle. Det er berre det at det ikkje er mulig å forberede seg på eller å forebygge den søvnmangelen som høyrer med småbarnsfasen. Egentlig begynte Erik Nicolai tilværelsen som ein mønsterbaby som sov natta gjennom frå han var fødd. Så kom tennene... Han er no 9 1/2 mnd, og sidan dei første to tennene braut seg gjennom gommane til lillemann då han var 6 1/2 mnd har alt som heiter søvnmønster vore meir som eit søvnkaos.

Han er veldig flink til å legge seg om kvelden, heldigvis. Men frå kl.01 og utover er det ganske mykje styr med nattamming, halvvåkning og ein fot eller ei hand som klaskar meg i ansiktet med jamne mellomrom. 




Ja, det høyrer med og eg veit kva eg gikk til då vi bestemte oss for å få ein baby. Likevel kjennest søvnmangel som ein knyttneveslag i fjeset, og eg nyttar kvar mulighet til å legge hovudet bakover og slappe av. Det er superkoselig med små barn og babyfasen er ei fantastisk tid, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det er slitsomt til tider.  

Då eg var heime i sommar, minna mamma meg på korleis det var då jentene var små. Dei låg som klistra på meg kvar natt i fleire år. Eg hugsa veldig lite av det ho fortalde, og kjende eg vart voldsomt fascinert av kor selektiv hukommelsen min er. Det er litt som med ein fødsel - ein gløymer veldig raskt at det var vondt og hugsar godt på kor fantastisk det var å få ein baby i armane!




Mamma og pappa har fortalt meg at eg sov i hytt og pine då jentene var små, og at eg var trøtt nokre år i strekk. Vi har også eit utvalg av bilder av jentene på besøk på Stad - og eg søv på sofaen i bakgrunnen.

Jentene kom inn til meg kvar einaste natt nokre år i strekk også. I tillegg brukte eg å legge meg med jentene om kvelden og ligge der til dei sovna. Snakk om å gjere seg sjølv ei bjørneteneste! Det enda jo med at eg også sovna i 99% av tilfella. Eg var trøtt før eg la meg ned med dei, og endå trøttare då eg våkna siklande utpå kvelden. Til slutt var eg så trøtt at eg bestemte meg for å venne dei av med dette, og få dei til å sovne i eigne sengar utan meg. Dette er det mamma som hugsar, ikkje eg. Mamma har fortalt at det foregikk slik: eg begynte med å fortelle at dei skulle legge seg åleine, og det vart motteke med skrik og tenners gnissel, så klart... Så sette eg meg på sengekanten til dei sovna første kvelden, neste kveld på ein stol attmed senga, neste kveld flytta eg stolen to meter. Slik fortsette det til eg var home free og kunne seie god natt og gå ut. Eg innbiller meg no at eg hugsar denne prosessen, men eg mistenker det er fordi mamma har fortalt meg det. 




Så er eg her igjen. Eg manglar søvn. Faktisk så mykje at eg har begynt å sjå ting som ikkje er der. I forgårs hadde Anna Sophia på seg eit armband som var litt frynsete og svart, og eg fekk ein sjokkarta reaksjon fordi eg trudde det var ein edderkopp. Hjelpe meg, så pussig! Eg har også hatt liknande opplevingar med sko på golvet... Slikt blir ein lei av, og då må ein sjå seg om etter smarte løysingar. 

Vi er to voksne i huset, så vi deler så klart på legging og ansvaret for å ta Erik opp av senga når han våknar. Alle teikn tyder på at det er tennene som kjem, så vi veit at det er ein forbigåande fase. Likevel er det berre ein av oss som kan amme, og det er meg. Erik amma nesten ikkje om natta før han vart eit halvt år, men det var då dei andre i helsestasjonsgruppa slutta med nattamming. Vi bevegar oss litt baklengs, føler eg. Eg har spurt helsesøster kva eg skal gjere, og svaret er at vi berre må slutte med nattamming - han treng det ikkje.

Jaha, men korleis i all verda sluttar ein med nattamming når ein er så trøtt at ein ikkje klarar å la vere å gje etter?

Eg har heller ikkje lyst til at lillemann skal ligge å skrike i senga. For det første er eg ikkje tilhengar av skrikekurar, ingen av mine barn har blitt utsette for det. For det andre er vi fire andre her i huset som våknar viss det blir skriking om natta. Då er det betre å plukke han opp og gje han den kosen  han treng for å sovne igjen. I alle fall viss ein ser kortsiktig på det. 




Eg er faktisk så trøtt enkelte dagar at eg ikkje heilt veit om eg har gjort det eg har tenkt, eller om eg berre ikkje har tenkt over kva eg har gjort. I går sat eg og lurte på kor lenge det var sidan eg hadde dusja! Det var ikkje så lenge, men likevel, det er ille! Noko må gjerast, for no er vi ganske utrangla begge to.

Er det nokon som har gode råd, evt link til gode sider om søvn? 

#mammablogg #søvn #baby #trøttsomeistrømpe 

 


... 2 kommentarer

Eit hausteventyr!

For det er vel det dei siste dagane har vore over stort sett heile landet, eit eventyr! Berre store lysande soler på vermeldinga og sommarlege temperaturar. Heilt fantastisk! D-vitaminkontoen auka kraftig og hausten vert likevel ikkje så lang og mørk.




Sjølv har eg vore i fjellheimen i Hallingskarv-området med familien. Der har det også vore heilt magisk ver. Minusgrader om natta og knivskarp luft om morgonen, og T-skjortetemperatur på toppane på dagtid. Varmare i høgda enn lenger nede i terrenget. Inversjon, heiter det visst. Nesten magi, det også! 




Å kjenne reinlav under føtene, og lukta som ein berre får i høgfjellet har vore nydelig. Det er nesten slik at eg ikkje skjønar at ikkje alle vil vere der vi har vore. Men berre nesten. Alle har eigne forestillingar om korleis den perfekte dagen, helga eller ferien skal vere. For min del ville eg denne haustferien (nest etter å vere heime hos mamma og pappa - som vi også var første del av haustferien) helst vere så høgt i det norske terrenget som mulig og gå tur nesten utan å treffe andre folk. Det er ei perfekt helg for oss. 




Denne haustferien har eg vener som gjer svært ulike ting, og alt er nok like flott på kvar sin måte! Nokon er på det amerikanske kontinentet, andre på det afrikanske på veg rundt jorda og nokon har vore på toppen av Kilimanjaro. Ikkje at eg ville ha bytta med nokon av dei akkurat denne haustferien, eg har gjort akkurat det eg har hatt mest lyst til. Likevel er eg ein hund etter både bilder og fortellingar frå andre delar av verda (eller Norge), og å lese om heilt andre typar aktivitetar enn dei eg driv med sjølv. 




Eg er veldig glad i å lese og oppleve gjennom andre, og heilt sidan eg var lita har eg likt å bla i andre sine fotoalbum. Eg treng nesten ikkje å vite kven eller kvar dei er eingong... Ved å sjå bilder og gjerne lese om det som er på bildene føler at eg har vore med på opplevinga, evt vore ein stad eg aldri har sett min fot. Å ha ein så livlig fantasi gjev meg ei god oppleving når eg les det andre formidlar gjennom ord og bilder. Ikkje berre er det kjekt å lese innhaldet i for eksempel reiseskildringar for å få vite meir om ein stad, men eg kan også få den følelsen av å ha opplevd det i tillegg! Nokre opplevingar held det å lese om, og gjerne sjå litt bilder. Andre stader kjenner eg pirrar både nysgjerrigheita og eventyraren i meg. Det siste eg såg som gav meg den følelsen var NRK-serien "Vesterhavsøyene". Det er fantastiske landskap som blir filma og skildra gjennom både programleiar og lokalbefolkning. Den serien har definitivt gitt meg lyst til å oppleve både Færøyane, Shetland og Hebridane! Det vil eg oppleve sjølv i tillegg til å sjå heile serien 3-4 gongar... 




Dersom eg er ein stad der eg trivst veldig godt, og som eg veit eg ikkje skal tilbake til med det første, brukar eg å "spare" på visse inntrykk og ta dei med heim. Då prøver hugse det eg ser i bilder. Så hentar eg fram att bildene på vinterstid, særlig viss det er eit sommarminne. Sjølvsagt kan eg berre ta fram fysiske bilder, men det gjev ikkje den same følelsen, synest eg.

Eg har også henta fram følelsen av å køyre i laussnø på sommaren, men det er vel litt mindre behov for å drøyme seg vekk i den lysaste årstida. Eit slikt bilde som eg hugsar veldig godt er ein stor, grøn åker som gjekk i ein lang, slakk bakke ned til sjøen på Bornholm. Eg stoppa sykkelen og kjende den varme vinden, såg blåfargen frå sjøen mot det knallgrøne landskapet og frihetsfølelsen det gav å sykle der. Eg klarar til og med å hente fram den gode lukta som var der viss eg prøver. Eg nyt å kunne glede meg over opplevingar lenge etter at dei er over, og eg kan leve veldig lenge på dei beste opplevingane. Det er blant anna derfor eg lagar innlegg av tidligare reisemål, ikkje for å vise at eg har vore der. Veldig mange eg kjenner har reist meir enn meg, så eg er ikkje nokon stor globetrottar.

 





Nydelig hausttur!

Ved å finne fram bilder og skrive om opplevingar får eg gjenoppleve turen og stadane eg har vore! Eg hentar påfyll til inntrykksminnet kvar einaste gong eg er heime på Stad også, men det er fordi den følelsen vil eg hente fram att kvar gong eg lengtar "heim" og treng ein bit av Stad som i mine auge er den finaste plassen i verda!

 
Nydelige Stad! 

Fordi eg lever meg inn i det eg les, er det supert å ha vener og kjente som reiser og legg ut eller sender bilder av stadane dei besøker. Eg har på den måten opplevd mange ulike hausteventyr denne haustferien sjølv om eg har vore på Stad og i fjellet. Eg har nok ein fantasi som ligg litt over snittet, og det er eg jammen glad for! Samtidig har eg heldigvis ein eventyrar i meg som vil ut og sjå, oppleve og vere med på det spennande som fins i inn- og utland! 

Den einaste nedturen denne haustferien var at nokre butikkar har tatt fram julepynten så altfor, altfor tidlig...

 

#høst #ferie #reise #Norge #fjell #hav #mammablogg


... Én kommentar

Havrepannekaker American Style






Dette er ein skikkelig snadderfrokost, evt lunsj. Eg lagar amerikanske/tjukke pannekaker som frokost i helgane i ny og ne. Vi hadde slike pannekaker med stekt banan og lønnesirup til frokost på laurdag før vi tok båten til Stad for å kose oss i haustferien. Eg har eksperimentert meg fram til ei oppskrift med havremjøl, og desse pannekakene er både saftige, gode og mettande! 




Oppskrifta eg deler her blir ca 4-5 stk. Det held lenge med ei pannekake per person, men vi klarer fint å få ned to viss vi lagar dobbel porsjon! Det går også fint å sende med ei pannekake eller to i matpakken med f.eks. brunost, dei held seg gode heile dagen. Sidan det er mykje havre i pannekakene, mettar dei godt og har eit litt meir praktisk format viss det skal i ein matboks enn for eksempel havregrynsgraut (som mine barn er veldig glade i).

Pannekakene er enkle og raske å lage, og egnar seg godt som ein rask og mettande frokost sjølv om ein er på farten.




 

Oppskrift på pannekaker: 

2 dl kveitemjøl/speltmjøl - 2 dl havremjøl - 1 ts bakepulver - 1 ts sukker (kan sløyfast) - 1/2 ts salt - 1 egg - 2 dl melk

Bland det tørre i bollen. Visp saman egg og melk og visp dette saman med det tørre. La røra svelle ca 20 min (dersom ein har tid til å vente). Steik dei i smør på forvarma steikepanne. Røra skal vere tjukk og pannekakene likedan, men smør røra utover med ei skei dersom den er vanskelig å fordele.  







Dei store jentene her i huset synest desse pannekakene er kjempegode, særlig etter at eg begynte å ha havremjøl i. Sist eg laga denne oppskrifta synest dei at det var dei beste pannekakene nokonsinne! Ikkje verst. Eg synest sjølv at dei vert ekstra gode med havremjøl. Det er som om dei får ein betre konsistens og så mettar dei mykje meir enn med berre kveitemjøl/speltmjøl. Anna Sophia på 12 år har alltid vore interessert i å lage mat, og har servert nydelige pannekaker (med frokostmeny!) til frokost når vi har hatt besteforeldre på besøk. 






Med lønnesirup på pannekakene vert det skikkelig snadder. Når vi har banan i hus, steiker vi nokre bananskiver til. Det smakar himmelsk! Vi brukar å skjere banan i ca 1/2 cm tjukke skiver og steike dei og ha dei på pannekakene med lønnesirup på toppen - vår favoritt!! Det er også godt med banan og blåbærsyltetøy. 





#mat #oppskrift #americanpancakes #mammablogg #frokost #lunsj #helg 


... 3 kommentarer

Supre grovbrød!







Eg har tidligare laga eit innlegg om matpakke, LINK. Der skreiv eg blant anna om at barna her i huset ikkje er glade i skiver i matboksen. Eg har likevel ikkje gitt meg på å få dei til å ete grovbrød sidan grove kornprodukt er viktig for dei som skal vokse og utvikle seg. Når vi har heimelaga brød vil jentene gjerne ha skiver til frokost og kvelds, så det blir ikkje kjøpt så mykje brød hos oss.

No har eg i tillegg eksperimentert meg fram til ei oppskrift med masse havregryn som også blir godtatt som matpakkebrød - HURRA! Det er eit kompakt og mettande grovbrød som får skikkelig sprø skorpe. Det er også veldig bra til minstemann. Eg gir han skive med leverpostei til lunsj av og til, og dette brødet klarar han å løyse opp og svelge lettare enn andre skiver vi har prøvd. Eg har måtta sjekke munnen hans mellom kvar bit fordi brødet har klistra seg i ganen. Det er litt skummelt sidan han då får ein kjempeklump med deigete brød som han kan sette i halsen. Det virkar det som vi unngår med dette brødet. Lurer på om det kan vere fordi det inneheld masse havregryn?

Eg kjem framleis til å variere med ulik mat i matboksane sidan barna blir lei dersom det blir for mykje av det same. Eg er berre glad eg har funne ei oppskrift som gjer at vi også kan lage nokre raske brødskiver og legge i matboksen om morgonen. 




Oppskrift på 2 stk grovbrød: 

4 dl havregryn - 4 dl rugmjøl grovt - 4 dl grovkveite - 6-7 dl kveitemjøl - 1 pk tørrgjær - 1 ts salt - havrekli/kruskakli - 1 dl sesamfrø - 8 dl vatn - 1 ss maltekstrakt - 2 ss olivenolje 




Bland alt det tørre og ha i maltekstrakt. Mål opp vatn som er ca 40 grader, ha oljen i vatnet og hell det over det tørre. Elt kraftig i 5-10 min (eg brukar kjøkkenmaskin, evt kan deigen eltast for hand). La deigen forheve ca 30-40 min. Dersom du har dårlig tid, kan forheving sløyfast - resultatet blir bra likevel! 

Elt deigen godt etter heving og hell den ut på benken. Del deigen i to og form til brød. Ha deigen i smurte former og la dei etterheve ca 1/2 time. Steik brøda på 200 grader i 50-60 min. 

 



#mat #oppskrift #brød #grovbrød #bake #mammablogg 


... 2 kommentarer

Søndagsmiddag med kylling




Dette har blitt ein av mine favorittrettar som avveksling til dei rettane vi vanligvis  har til middag på søndagar. Den er litt annleis og den er laga med kylling, og det er ein rett som passar godt til både barn og voksne. Her i huset har barna alltid syntest at kylling er veldig godt, men det er litt vanskelig å finne spennande kyllingrettar, syns eg. Stort sett vert det indiske gryter eller steikte kyllingbryst med saus ved sidan av. Denne retten er saftig og inneheld mandlar og fersken. Soyasaus og fersken gjer at den vert litt salt og litt søt, noko eg synest er veldig godt!




Oppskrift på kyllingrett med mandlar og fersken: 

5-6 kyllingfiletar (1 kg) - 1 boks hermetisk fersken - 1 dl ferskenlake - 2 dl skålda mandlar - 1 boks snøfrisk naturell ost - 2-3 ss soyasaus - ca 2 dl buljong - 2 dl raspa kvitost - 1,5 dl kveitemjøl - salt og pepper og paprikapulver, 0,5 ts chilipulver - smør til steiking




Kok opp vatn i ein kjele. Legg mandlane i kokande vatn og ta kjelen av plata. La dei ligge i vatn i nokre minutt, ta av skalet og la dei tørke på eit papir/kjøkkenhandkle. Rist mandlane i ei tørr steikepanne til dei er lett brune.






Bland salt, pepper, paprikapulver og chilipulver i kveitemjølet. Snu kyllingfiletane i mjølblandinga og steik dei gyldenbrune på steikepanne. Legg filetane i ei langpanne (evt ildfast form), strø over mandlar, legg i fersken og hell over buljong, ferskenlake og soyasaus. Legg snøfrisk i "klattar" rundt om i forma. Ha aluminiumsfolie over forma og steik i ovnen på ca 175 grader i 40 min. Ta av folien, dryss på ost og steik i 10 min til.  





Server med ris og ein salat til. Eg har brukt både vanlig ris og villris. Begge delar var godt! 

 

#Mat #oppskrift #kylling #mammablogg #middag 


... Én kommentar

La vie Provençale!


Saint Tropez

Etter ei fantastisk fin veke i Provence er vi no heime att! Vi har fått litt brunfarge, bada i havet og ete masse god mat. Tenkte å legge ut litt bilder frå turen for å varme litt på kjølige haustdagar! 








Vi budde i ein liten småby som heiter Gassin. Den ligg like ved Saint Tropez, og har alle sjarmerande trekk som ein provensalsk småby skal ha. Vi kjøpte ferske baguettar og croissantar dei fleste morgonar, og då køyrde vi nokre få minutt til ein landsby som heiter La Croix Valmer. Det gjekk også fint å spasere dit, og då gjekk vi tett oppi vinrankar som bugna av vindruer. Aiaiai... 

Nokre minutt med bil frå huset vi budde i ligg ei fin badestrand. Den har vi vore på alle tre gongane vi har vore på ferie her, og den er ein favoritt blant både store og små i familien. Den ligg like ved ein by som heiter Cavalaire Sur Mer. Det er ei nydelig langstrakt sandstrand der det alltid er eit lite vinddrag i lufta. Heilt perfekt for dei som ikkje likar å bli steikt! Lillemann hadde sand mellom tærne for første gong, og synest det var veldig spennande. Han søv også ekstra lenge når han sovnar til bruset av havet og bølgene, akkurat som på Stad! 

Denne gongen drista vi oss til å prøve eit par nye strender også, blant anna ei strand eit stykke frå Saint Tropez kor Edna Falao har sin berømte sjørøverrestaurant! Stranda var fin - vi havna med eit uhell midt i nudistområdet før vi fann den "vanlige" stranda. Maten på L'Esquinade, som restauranten heiter var veldig god! Nesten alle sammen bestilte blåskjell - det var sikkert 9-10 ulike blåskjellrettar på menyen. Eg bestilte blåskjell med aioli. Nam! Det var ganske artig å komme på stranda i St. Tropez og sjå det norske flagget vaie i vinden på L'Esquinade. Det var til og med ein fransk servitør som snakka norsk med trønderaksent - morsomt. Ganske fantastisk følelse å ete lunsj ute i varmen med føtene i sanden



Piratstemning på L'Esquinade: 














"

Det var rett og slett nydelig med ei veke i sol og varme. Det var som ein god norsk sommar temperaturmessig, og enkelte av kveldane var heilt magiske. Stjernehimmel, lette klede, eit glas rosevin og kraftig lukt frå plantar og blomster og sjølvsagt lyden frå grashopper. Det er sånt som eg prøvar å "lagre" i minnet, for så å hente det fram igjen ein kald vinterkveld. 

Når eg tenker meg om, fekk vi pressa ganske mange opplevingar inn på ei veke. Vi var blant anna i ein liten by som er som eit mini-Venezia. Skal finne fram og legge ut litt fleire bilder som bidrag til ein dagdraum eller to :)

 

 #reise #Frankrike #riviera #Provence #sol #strand #mammablogg


... Ingen kommentarer

Lukta av nystekt gjærbakst






Det er noko av det beste eg veit, lukta av nystekte rundstykke, brød eller, som eg har bakt i dag, horn! Eg hadde lova å bake fylte horn som eldstejenta skulle få med seg til lunsjmat i dag. Ho skal på overnattingstur med klassen, og ønska å ha med seg ein god lunsj. Av ymse grunnar vart det ikkje mulig for meg å få det til i går kveld. Då var løysinga å sette vekkarklokka på 06.00 og sette i gong i dag tidlig. Eg hadde gjort alt klart til baking i går kveld. Eg blanda alt det tørre til deigen, målte opp smør, skar opp ost og skinke og sette klart alt til utbaking på kjøkkenbenken. Dermed var det i grunnen leikande lett å lage horn tidlig på morgonen. Det blir derimot aldri lett å stå opp tidlig for eit B-menneske som meg... 

Horna eg bakte i dag er laga på ei oppskrift som eg fekk av mamma. Ho bakte så nydelige horn då vi var på Stad i sommarferien, og eg ville gjerne prøve å bake dei sjølv. Ho hadde brukt ei oppskrift som er spesialiteten til tanta mi, og som ingen andre enn ho kan få til like godt. Mamma sine horn vart gode, altså, men vi må innrømme at tante har eit eige tak på gjærbakst og horn spesielt. Eg lurer på kva som er trikset, og kvifor enkelte får det til så mykje betre enn oss andre?!?

Kl 06 i dag starta min bakeseanse, og eg var litt spent på korleis baksten ville bli med tante sine horn i mente. Som nybegynnar (i forhold til tante og mamma) må eg må seie meg kjempefornøgd med resultatet! Deigen er fantastisk å bake ut, og eg laga både fylte og vanlige horn av denne deigen. Den kan sikkert brukast til både kringle og bollar, og det skal eg prøve neste gong!

Sidan denne oppskrifta var så enkel å få vellykka, deler eg oppskrifta for dei som har lyst til å lage noko godt til frokost, lunsj eller kvelds. 




Oppskrift på horn: 

1600 g kveitemjøl - ca 80 g sukker - 300 g margarin - 8 dl melk - 2 pk tørrgjær - 1/2 ts salt - 2 egg - 1 egg til pensling - evt ost og skinke i små terningar



Bland alt det tørre, men hold igjen 300 gram kveitemjøl til utbaking. Smelt smør og ha i melka. Hell melk/smør og sammenpiska egg i det tørre og elt godt.  La deigen heve til dobbel størrelse (30-40 min). Elt deigen godt og del den i 4 like store delar. Kjevle ut kvar del til ein rund leiv. Del denne i 8 trekantar, bruk f.eks. eit pizzahjul. Legg evt fyll i midten på kvar trekant og rull den sammen slik at spissen kjem utanpå. Dersom ein legg spissen underst på bakeplata vil hornet holde fasongen under steiking. 





Ost og skinke



Legg horna på bakepapir på ei plate og etterhev ca 10-15 min. Pensle med sammenpiska egg før steiking. Steik horna på nest nederste rille på 200-220 grader i ca 10 min. 

Vel bekomme!



#oppskrift #fyltehorn #mammablogg #mat #lunsj


... 7 kommentarer

Gåvetips til barnedåpen


Nydelig strikkagenser

Før dåpen til lillemann, var eg veldig i tvil om kva vi skulle ønske oss til han. Eg fekk jo en del spørsmål om kva vi ville ønske oss til Erik til dåpen. Dessverre hadde eg ikkje så mykje tid til å tenke på det rett før, og det er vel litt typisk. Det er mykje som skal ordnast med invitsasjonar, kirke, prest, mat og borddekking osv, og dermed har ein kanskje ikkje tid til å sette seg ned og tenke. Heldigvis kom vi på nokre lure ting vi kunne ønske oss, og vi fekk mykje fint til lillemann som han kan ha glede av både no og seinare! 


Tinnramme med gravering

Eg tenkte å dele ei liste med tips til kva ein kan ønske seg til den lille til dåpen, evt tips til dei som skal vere gjestar i ein dåp og ikkje veit kva dei skal gje i gave.  Det er ulikt kor mykje folk vil og kan bruke av pengar på ein dåpspresang, og eg tenkte eg kunne dele nokre tips til dåpsønske her, både meir og mindre kostbare: 

  • Time hos fotograf
  • Strikka klede (f.eks. Mariusgenser)
  • Trehjulsykkel
  • Sykkelhjelm av minste type
  • Sparebøsse
  • Barnebestikk (sølv eller stål)
  • Barnestol og møblar til barnerom
  • Pengar på konto
  • Bunadskniv
  • Barnehagesekk
  • Klassiske barnebøker/eventyrbøker
  • Brodert bilde med fødselsdata, sjå bilde
  • Barneservise
  • Gåstol
  • Smykker/armband
  • Bæremeis
  • Tripp Trapp-stol, evt annen barnestol

 


Sølvbestikk med storkemønster - ein klassikar!
 


Nydelig brodert bilde med fødselsdata


Kjempefin gyngestol

Alt Erik fekk til dåpen var supre gåver! Nokre har vi hatt glede av i mange månader allerede, andre får Erik glede av når han vert større! Eg har lagt ut bilder av nokre av dei fine gåvene vi fekk. Erik fekk så mykje fint!

Vi hadde selskapet etter dåpen heime med koldtbord og fint dekka langbord. Eg vart veldig fornøgd både med bordet og maten (som heile familien bidrog til), dette kan eg dele bilder av seinare! For ikkje å snakke om kakene! Det er kjekt både å lage til og å holde familieselskap og eg gler meg til neste anledning!

 

 

#dåp #dåpsgave #gavetips #mammablogg #baby 


... Ingen kommentarer

Barn og data- og mobilbruk

 

"Alle" barn i skulealder (sikkert dei som er yngre også) har tilgang på pc, og dei fleste har også mobiltelefon. Mine to eldste er ikkje noko unntak. Dei fekk både mobil og pc tidlig. Så lenge dei var små og ikkje brukte mobiltelefonane til sosiale nettverk (facebook har vore forbode før dei fyller 13) og berre brukte min pc til barbie-spel og slikt, var det ikkje vanskelig å begrense bruken. No når dei blir eldre, dei har eigne pc'ar og det aller meste av kommunikasjon med venner foregår på mobil og data, synest eg det er litt meir problematisk å vite korleis vi voksne skal sette grenser for bruken av elektronisk utstyr. 
Barna sjølve har vokse opp med mobil og data som en heilt naturlig del av kvardagen, og dei brukar det til både lekser, som telefon og kommunikasjonsmiddel, til å høyre musikk og sjå filmar og til nettsurfing. Det seier seg sjølv at et totalforbud i f.eks. leksetida er vanskelig, då har dei gjerne lekser som krev nettilgang, innlevering på it´s learning eller dei må bruke nettet som kilde til et foredrag eller liknande. Korleis skal ein då klare å begrense bruken som ikkje er relatert til skule? 
Eg ser også at barna er mykje flinkare enn meg til multitasking, og dei kan klare å handtere bruk av data samtidig som dei er med venner, dvs snakke og skrive samtidig. Så er det gjerne lyd i form av musikk i tillegg. For min del er det heilt uforståelig og ikkje minst umulig å sjå på TV og ha besøk samtidig (sett litt på spissen). Eg blir dratt inn i TV-ruta og mistar tråden i samtalen med ein gong, til irritasjon for dei som prøvar å ha ei samtale med meg. Det eg lurer på er om barna mine får konsentrert seg like godt med som utan f.eks. musikk på medan dei gjer lekser. Og så lurer eg på om dei lærer like godt med som utan musikk, og korleis data og internett påvirkar barn og unge. Eg har leita litt rundt for å finne litt informasjon, og det fins mykje om dette. Eg har berre skrapt i overflata for å finne ut om eg er på riktig veg i forhold til dei reglane og utfordringane vi har her i huset.

I mangel på illustrasjonsbilder - ei prydhøne og meg

Det har vore forska ein god del på barn og databruk, og det er godt dokumenterte effektar av for mykje dataspel. Avhengighet er berre ein av dei. Det er interessant lesing, og til dels skremmande i forhold til korleis menneskehjernen tilpassar seg og reagerer på databruk. Det er sjølvsagt mange positive sider ved å mestre store mengder data og rask informasjon, men også ein del negative aspekt. Ein artikkel om barn og data viser til ADHD-liknande symptom som følge av mykje databruk, og at barn i stor grad får øvd for lite på konsentrasjon og lesing. Det står også ein del om barn og databruk på nettapi.no, blanta anna råd om mengder av databruk/TV til barn i ulike aldrar. Ganske nyttig. 
Rune Johan Krumsvik, professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen skriv om bl.a. barn og multitasking, og dette har eg funne i ein artikkel på barnevakten.no. Multitasking er noko eg ikkje får til sjølv, men barna her i huset meiner dei klarar det heilt fint og at dei taklar både lyd og bilde medan dei held på med andre ting. Eg likar for eksempel ikkje at det er musikk på rommet når barna gjer lekser, men har ikkje hatt nokon god begrunnelse for å nekte dei det. I nevnte artikkel seier Krumsvik at "Fra forskningen vet man at multitasking ikke er forenlig med god læring, så derfor må foreldre påpeke for sine ungdommer at man ikke kan se på TV, være på Facebook og jobbe med krevende lekser samtidig." Så no har eg noko å slå i bordet med når eg seier det heime. 
Dataspel er kanskje noko som er mest populært blant gutar, og dette er heldigvis ikkje noko som jentene her i huset interesserer seg veldig for. Likevel er det er lett for at databruken kan bli voldsom også for jenter som ikkje spelar på data. Mi oppfatning er at mykje av grunnlaget for det sosiale samspelet mellom tenåringsjenter foregår på sosiale medier, og det er lett for å føle seg utanfor dersom ein ikkje heng med der. Eg har sjølv sett eksempel på at bilder av barneselskap blir lagt ut slik at dei som blir haldne utanfor skal kunne sjå og bli misunnelige. Eg håpar ikkje foreldrene synest det var greit... 
På grunn av blant anna slikt synest eg det er viktig at alle foreldre spelar på lag og begrensar bruken av sosiale medier slik at dette ikkje vert ein arena for utestenging og mobbing. Eg er fullstendig klar over at det foregår mykje mobbing på nett, og det er så viktig at foreldrene involverer seg, er synlige og at nettbruken vert så gjennomsiktig som mulig. Eg meiner at barn under 16 år ikkje bør ha f.eks. facebook uten at foreldrene har mulighet til eit visst innsyn.
For meg har det vore svært viktig å ha samtalar heime om nettvett. Det er mange voksne som ikkje er særlig oppmerksomme på kva barna legg ut og deler på nett, og kanskje er det nyttig for alle partar å lære av kvarandre og delta på kurs gjennom f.eks. skulen. Eg har sjølv hatt nytte av foreldremøte med nettvett som tema. Eg var ikkje av dei som visste mest, men vart likevel skremt av kor lite enkelte foreldre egentlig visste om kva barna deira driv med på nett. 



Dei foreldrene som set tydelige grenser er sjølvsagt teite - synest barna. Sist eg var på foreldremøte, hadde faktisk helsesøster ei brosjyre til alle teite foreldre med helsing om at det var bra å vere teit! Hurra! Eg har kjent litt på at eg er den teite, strenge mora. I følge barna får alle dei andre barna lov til mykje meir enn dei sjølve. Heldigvis stemmer ikkje det, og vi som er teite foreldre kan nikke til kvarandre og vere enige om at slik og sånn skal det vere. Eg er sikker på at det finnest veldig mange av oss! 
Her hos oss har vi ei maksgrense på 2 timar mediebruk kvar dag. Det inkluderer TV, surfing på PC og chatting/facebook o.l. på mobiltelefon. Det kan høyrest mykje ut, men det er mellom faste klokkeslett på dagen, og dette kan ikkje flyttast pga trampolinehopping, trening, lekser eller vennebesøk. Dermed blir totalen heldigvis mindre per dag enn 2 timar, stort sett.
Denne regelen fungerer greit sidan mine barn gjer andre ting som dei synest er kjekkare enn telefon- og PC-bruk, men eg hadde nok funne på noko som innskrenka bruken dersom det viste seg at dei heiv seg over PC'en når klokka slo medietid. På grunn av denne regelen er eg sjølvsagt verdens teitaste og strengaste mor, og ingen andre har slike reglar heime. Likevel kjenner eg meg godt fornøgd med å ha etablert reglar og at eg stort sett klarar å handheve reglane (dei lurer meg nok av og til) om mediebruk. Så får eg heller leve med å vere teit i nokre år til! 

... Ingen kommentarer

GIVEAWAY!


Vinnar av dei søte klistrelappane vart kommentar nr. 3 som er Kristin! Eg sender disse i posten i dag, og håpar du får laga mange koselige helsingar i matboksen til dine kjære! 

Sjølv har eg brukt dei blant anna til å merke dessertplommeglas og syltetøyglas foreløpig. Eg synest dei er så fine! Skal bli kjekt å finne fram igjen glasa når det nærmar seg jul og smake på hausten! 



 

#mat #hjemmelaget #mammablogg 


... Én kommentar

GIVEAWAY!

 

Dette må vere verdens søtaste klistrelappar! Mykje finare enn dei neonfarga lappane som eg har brukt til no. Dei var også veldig fine som merkelappar på mat som skal i frysaren eller på syltetøyglas, eg berre tok en ekstra teip på. 

Eg fann desse her om dagen og tenkte eg skulle lage ein #giveaway av dei. Dersom du synest dei er fine og kunne tenke deg desse i postkassa di, legg igjen ein kommentar under dette innlegget før fredag! Fredag morgon sender eg disse i posten til den som blir trekt ut! Ei lita koselig helsing til helga :-) 






#ugle #design #mammablogg 


... 13 kommentarer

Matauk og haustlig syssel




Eg var så heldig å få masse deilige plommer av svigermor. Ho og svigerfar er oppe og i sving lenge før vi står opp, så plommene stod på trappa i all si prakt då vi åpna døra i dag tidlig. Dagen i dag går dermed til sylting her i huset! Det er så godt med plommesyltetøy, og når vinteren kjem blir det endå betre å ta fram eit glas eller to med heimelaga syltetøy! Smaken av haust på glas!






Disse plommene er frå Austevoll der svigers har hytte og nokre svært produktive plommetre. Heldige oss som får nyte desse saftige plommene! Eg ga litt plomme utan skall til lillemann, og han supa i seg ei heil plomme. Då må eg vel prøve å lage noko med plommer i (men utan sukker) til han og!

 

 






Etter at syltetøyet er ferdig går turen til naboen sine epletre. Eg skal på avtalt epleslang - veldig greitt! Eg skal forsyne meg godt av eplene, og så vert det nok ein del eplekaker til frysaren. Og ei kake til naboen som takk, så klart. 







Sidan eg skal lage syltetøy og trengte sukker og krystallsoda til å vaske sylteglas med, tok eg meg ein spasertur med barnevogna til butikken for å handle inn. I dag tidlig er første gongen eg har kjent den litt skarpe haustlufta, og det var nydelig! Det var faktisk nede i 13 grader her. Eg gler meg meir og meir til det vert skikkelig haust og eg kan ha på meg varme klede og nyte den kalde lufta. Før den tid kjem, skal vi til Frankrike og Provence og nyte litt sol og strand - og vin og den gode franske maten. Nedtellinga er i gong, og i dag skal eg så smått begynne å pakke. Reknar med det er stor endring på haustfargane når vi kjem att! 

 

#mammablogg #mat #høst #hjemmelaget 


... Ingen kommentarer

Lyst på ein god latter?

Eg må berre dele denne! Eg og Christian las opp den på sengekanten her om dagen, og vi fekk oss ein skikkelig god latter. Det er ein test deg sjølv-artikkel om ein er klar for å få barn. Den er veldig morsom for både vordande, nybakte og ikkje fullt så nybakte foreldre. Det er mykje å kjenne seg igjen i - med en twist.

Les denne i lag med din kjære, kanskje er du som eg var litt overtrøtt etter nattevåk og får deg ei skikkelig latterkule! Det er sunt for både kropp og sjel :-) og deilig for heile systemet! 



Ta testen HER 

 

#mammablogg #baby #humor #foreldre


... 3 kommentarer

Heimelaga babymat - middag til dei aller minste!

Når ein skal begynne med mat til dei aller minste, kan det vere vanskelig å vite kva ein skal begynne med. Eg begynte med graut, nærmare bestemt risgraut. På helsestasjonen fekk eg beskjed om denne var så lite næring i at det var betre å begynne med ein grauttype som f.eks. havregraut og helst noko som inneheldt gluten. Dette er motsett av det er fekk beskjed om då jentene var små, då skulle ein vente med gluten til dei var ca 1 år. Begrunnelsen for å introdusere gluten var at ein evt reaksjon mot gluten vil vere så mykje mildare som spedbarn enn det vil vere når dei er eldre, og at det er greit å venne systemet til gluten med ein gong. Så sant dei tåler det, så klart.

Eg introduserte middag til lillemann ganske kort tid etter at vi begynte med fast føde. Eg synest det er så viktig at han får smaken på andre ting enn berre graut. For å komme raskt inn i middagsrutiner og gjere han van med dei smakane som er i vår kvardagsmat, laga eg heimelaga middag som eg har vidareutvikla etter kvart som han har gjort seg kjent med dei nye smakane. No er han 8 mnd og et veldig mange ulike typar grønnsaker, fisk, kylling og kjøtt. I mosa form, gjerne med litt små bitar no etterkvart som han har utvikla tyggerefleksen. 




Den første middagen han fekk smake var kokt potet med gulrot. Eg kokte begge deler, mosa gulrot med stavmiksar og knekte poteten med gaffel. Potet blir litt som lim dersom det blir most for hardt (i blender eller med stavmiksar). Eg har utvida oppskrifta stadig vekk og eksperimentert med ulike grønnsaker*. Etter nokre veker blanda eg i fisk og kjøtt i grønnsaksmosen, og torsk er blitt favoritten! 

Oppskrift på middagsmos: 

1 søtpotet - 2 gulrøtter - 2 poteter - 1/2 brokkolibukett

 

Skrell søtpotet, poteter og gulrøtter og skjer i omtrent like store bitar. Kok opp gulrøtter og poteter. Legg i søtpoteten etter at det andre har kokt 2-3 minutt. Legg i brokkolien siste par minutta. 

Ha alt unntatt potet i enten blender eller bruk stavmiksar.



 

 



Ha i ca 1 ss margarin eller rapsolje. Eg har begynt å ha i margarin av og til sidan det gjev meir smak. 

Mos potet for seg og bland det i resten av mosen etter at du har knekt poteten med gaffel. 

Denne oppskrifta blir ganske mange porsjonar med middagsmos til lillemann, og eg frys det ned porsjonsvis og tek det opp om morgonen den dagen eg skal bruke det. Dersom eg skal blande i fisk eller kjøtt, kokar eg dette og mosar det først. Så varmar eg opp grønnsaksmosen og blandar det med kjøtt/fisk. Så er middagen klar! Sunn og deilig middag til gullet! 

Det er enkelt å variere denne grønnsaksmosen dersom ein vil introdusere andre grønnsaker, eg har brukt f.eks. blomkål og kålrot i staden for ein av dei andre grønnsakene. Dersom du lagar fruktmosen som eg har lagt ut oppskrift på HER, har du en deilig dessert etter ein slik god og næringsrik middag. 

God middag! 

*Brokkoli inneheld masse antioksidantar, A-vitamin og jern. Søtpotet inneheld ein del A-vitamin. Gulrot inneheld ein del A-vitamin, andre vitaminar, kalium, fiber og jern. Kålrot inneheld mykje næring og er rik på C-vitamin. Blomkål inneheld mange vitaminar og mineralar, og er fiberrik. Kjelde: frukt.no

#mammablogg #mat #baby #ernæring #hjemmelaget

 


... Én kommentar

Utstyr til baby!

Ei venninne tipsa meg om at det kunne vere nyttig å ha et innlegg om kva som trengs til den nyfødde babyen. Det synest eg var et godt forslag sidan dette på mange måtar er ein #mammablogg. Eg tenkte derfor eg kunne komme med nokre tips og eiga erfaring. Eg veit sjølv at det er vanskelig å vite på førehand kva som og bør kjøpast inn, og kva som faktisk blir brukt. Særlig viss det er første babyen og ein ikkje har noko utstyr frå før. 


En av dei første trilleturane med vogna i vakre Alvøen

Det fins tips og mange lister både på nett og i blad, og det er ikkje vanskelig å finne ting som både er nødvendige og kjekt å ha til en #baby. Ulempa med ein del av dei listene eg sjølv fann då eg var #gravid i haust, er at dei ofte er laga av handelsstanden eller i alle fall nokon som har interesse av at vi som foreldre skal kjøpe så mykje som mulig. Det er ingen tvil om at vordande #foreldre er lett påvirkelige, og grunnen er sjølvsagt at vi vil det beste for babyen vår. Det er også et hav av ulike typar produkt, og av kvart produkt fins det stort sett mange variantar. Med mindre ein har bekjente som har prøvd ut produkta og er enten fornøgde eller misfornøgde er det stort sett veldig tilfeldig kva ein endar opp med å kjøpe.

Då eg gjekk gravid i haust, fekk eg høyre at enkelte meiner at førstegongsinvesteringa for ein baby er 40.000 kroner... Og det skulle dreie seg om det utstyret som ein ha. Eg kan ikkje skjøne at det skal vere nødvendig å bruke så veldig mykje pengar med mindre ein vil ha det dyraste og gjerne mange av kvar ting.

Det er utan tvil berre lommeboka som er grensa for kor mykje ein kan bruke på utstyr til ein baby. Det fins veldig mykje fint og VELDIG mykje dyrt. Noko vil ein berre kjøpe fordi ein syns det er fint og fordi det er kjekt med noko nytt. Kanskje er det den første babyen i huset, og ein syns det er stas å gå til innkjøp av babyting. Sånn har eg kjent det og!

På den andre sida er det mykje å spare (dersom ein er interessert i det) på å bruke fornuft og Finn.no, og dersom ein i tillegg ser på kva ein absolutt  ha og ikkje går i fella og kjøper alt før ein ser behovet til den enkelte baby og familie an. 




For vår del var valget enkelt. Vi kjøpte inn det vi måtte ha, sjå basislista nedanfor, og dersom vi fann brukt utstyr som var okei, gjekk vi for det. Vi bestemte oss nemlig for å sette det vi sparte på å kjøpe brukt utstyr inn på konto til lillegutt. Han merkar ikkje om vogna han ligg i eller bilsetet er heilt nytt eller pent brukt. Derimot vil han merke at han har ein sparekonto som kan komme godt med til for eksempel førarkort eller studiar seinare i livet. Vi kjøpte derfor vår Mountain Buggy Urban Jungle (vogn) pent brukt til under halve prisen, og det same gjaldt Maxi Cosi bilsetet med Isofix base. 

Det er også veldig kjekt, synest vi, at vi har fått bruke korga som Christian låg i då han var liten, og at senga Erik søv i om natta har tilhøyrt faren hans. Når ting går i arv skaper ein tradisjon og historie på same tid. Det likar eg!

Nedanfor har eg sett opp ei oversikt over det eg meiner ein må ha i hus før babyen kjem, samt nokre ting som ein bør ha av utstyr i huset og til transport. 

Sjekkliste basis:

  • 5-6 bodyar (i minste størrelse, gjerne et par stk i str 62 til reserve)
  • 2-3 sparkebukser
  • 2 nattdressar
  • Jakke/dress (gjerne strikka)
  • Lue i minste størrelse
  • 2 par strømper
  • Bleier, str newborn
  • Helseteppe eller ullteppe
  • Termometer
  • 10-15 vaskeklutar, mjuke
  • Olje (sjølv har eg brukt hvetekimolje både i bad og på hud, og har ikkje hatt bruk for andre oljar eller salvar - du får den enten på apotek eller i helsekost)

Basisplagga kan gjerne vere i sommarull dersom babyen er fødd på sommarstid. Sjølv har eg brukt masse ullklede i tynn sommarull sjølv om det har vore sommar. Babyen vert ikkje kald dersom han svettar. Ull er supert på den måten, det er både luftig og transporterer fuktighet vekk frå kroppen. 

Så treng ein sjølvsagt utstyr som gjer kvardagen enklare: 

  • Seng med dyne + dynetrekk og laken
  • Stellebord
  • Badestamp (dersom det ikkje er innebygd i stellebordet)
  • Barnevogn
  • 1-2 mjuke babyhandkle

Evt: 

  • Bilsete (dersom ein har bil)
  • Brystpumpe*
  • Våtserviettar

 

Vinterbaby sjekkliste:

I tillegg til lista over, treng en vinterbaby

  • Ullbody
  • Ullstrømpebukse
  • Vinterdress
  • Ullvottar og lue i ull
  • Ullsokkar

*Når det gjeld #brystpumpe forhøyrde eg meg med andre nybakte foreldre/mødre om kva dei hadde kjøpt og om dei var fornøgde osv. Det var flest som var fornøgde med Medela si pumpe, og eg snakka med nokon som ikkje var så fornøgde med Avent si pumpe. Dermed enda eg sjølv opp med Medela si elektriske pumpe, men har brukt den kanskje berre 4 gongar. Lillegutt vil ikkje ha flaske... Men pumpa er god og fungerer bra. Den er både veldig enkel å forstå, enkel å bruke og enkel å gjere rein.

Mitt råd er å vente med å kjøpe til ein finn ut om det er nødvendig med pumpe, og i alle fall til du finn ut om den lille faktisk tek flaske. Dersom det viser seg at det er behov for pumping, mykje og ofte, har eg ei venninne som anbefalte Medela si dobbelpumpe.


Barnevognsamling - noko for einkvar smak :)

Eg håpar dette kan vere til nytte for dei som gjer som meg og googlar og leitar på nett etter andre sine råd og erfaringar om utstyr til baby! 


... 2 kommentarer

LONDON, BABY!







#London er ein av mine favorittbyar, og eg tenkte eg skulle lage eit lite innlegg om denne engelske storbyen som osar av klassisk eleganse og Sherlock Holmes-stemning. Det er ei stund sidan sist eg var der, men eg dagdrøymer om ei langhelg dit stadig vekk! Det er noko eige ved stemninga i London, og eg skulle så gjerne reist dit på hausten eller i førjulstida. Eg får vel kanskje berre innsjå at det ikkje blir i år, og heller kose meg med bilder og serien "The Paradise" som har gått på NRK1. Sjølv om den ikkje skal vere frå notida, får eg den herlige London-stemninga likevel. Eg har ikkje fått sett siste episode, så den skal eg finne på nett-TV og sjå i kveld!



Då vi var i London på kjærestetur, berre eg og Christian, budde vi på The Hoxton Hotel i Shoreditch. Det var heilt ypperlig. Det tok vel 10-12 min med buss til Piccadilly viss eg ikkje hugsar feil, og hotellet var eit skikkelig lounge-hotell med veldig stilig #interiør og moderne #kunst. Romma var ganske små, men med nye, freshe og romslige bad. Shoreditch virka for meg som ein interessant bydel med mykje å sjå. Det var koselige kafear, indiske og orientalske restaurantar i nærleiken, trendy barar og det var alltid masse unge folk på farten der. Veldig levande! Grunnen til at eg likte meg så godt der, er at eg kan spare meg for å bu midt i turistfellene. For min del er det mykje meir interessant å sjå og oppleve dei delane av London som London-folket sjølv likar! Det er også mulig å få eit rom på Hoxton til 1 pund når dei har kampanje. Dersom ein er interessert,  kan ein melde seg på og få mail når det er interessante tilbud på hotellet. 




 




For meg er det et must å gå i Hyde Park når eg er i London. Det er noko heilt eige ved store parkar som ligg midt i storbyen. Frå å vere i dei mest hektiske og travle gatene, tek det berre 3 minutter med gange før ein er inne eit rolig område med store, grøne plenar og ikkje ein bil i sikte. Eg blir fascinert! 



Dei siste gongane vi har vore i London har vi vore innom to restaurantar som vart favorittar første gongen vi var der! Den eine er ein argentisk biffrestaurant som heiter Gaucho. Det fins fleire av dei i London, men vi var på deni Swallow Street. Dei hadde det saftigaste biffkjøttet eg har ete, noko som falt i smak hos Christian. Dermed vart det ein plass vi gjekk tilbake på neste London-tur også!

Min favoritt var ein restaurant som heiter Momo. Det er ein restaurant som serverer mat med preg av Nord-Afrika og Middelhavet, mykje couscous og tagine, nam! Den har eit yrande liv på kveldstid og dansande servitørar. Dersom nokon feirar bursdag på restauranten, skrur dei plutselig opp musikken utan forvarsel og alle servitørane dansar rundt og sveivar store kvite serviettar over hovudet. Eg fekk nesten følelsen av å vere i Marokko! Veldig stilig plass. Begge restaurantane er populære og blir raskt fullbooka, så vi bestilte bord i god tid i førevegen. 

Det er ein ting vi ikkje gjorde sist vi var i London som eg definitivt skal gjere neste gong - drikke afternoon tea på The Ritz. Meir erkeengelsk enn det vert det nesten ikkje!

 

Mulig eg klarar å overtale kjæresten min til at vi alle skal ta ein førjulstur til London. Enn så lenge får eg sjå på bilder og google litt om kva vi skal sjå og gjere ved neste besøk!  



 

 


... Én kommentar

GIVEAWAY

I forrige innlegg la eg ut bilde av fine serviettar frå Scapa Home som skulle vere giveaway til ein lesar som la att ein kommentar. Det var ikkje så mange som hadde lagt igjen kommentar denne gongen, men desto større sjanse for å bli trekt ut for dei som gjorde det! Eg synest det er veldig koselig å få kommentarar, og sett veldig pris på å høyre at folk likar både bildene mine og det eg skriv! 

Eldstejenta mi Rebecca fekk oppgåva med å lage lappar og trekke den som får pakke i posten! Som bildet viser, er det Olga C som vart trekt ut, og e-post er sendt til deg slik at eg får ei adresse å sende pakken til! 

 

 


... Ingen kommentarer

Inspirasjon og giveaways til haustkos!







No er sommaren definitivt på hell, og det er ikkje lenge til lufta blir kjølig og lauvet vert gult og raudt. Det er alltid litt vemodig når denne lyse, lette og glade årstida er forbi og en veit at det er mørketida som er framfor oss. 

Det eg gløymer frå år til år, er kor koselig eg faktisk synest hausten er. Då tek vi fram strikkagensarane igjen, ullskjerfa som eg hadde gløymt eg hadde kjem til sin rett, og det blir heilt naturlig å tenne i peisen, tenne stearinlys og drikke god te til kvelds. Det eg også gløymer frå år til år, er kor kjekt det er å sitte og dagdrøyme med haustkatalogane som inneheld lune fargar, mjuke stoff og djupe møblar. Pledd, tekoppar, ulljakker, skjerf og støvlar vert plutselig meir forlokkande enn solstolar og bikini! I alle fall kjenner eg det slik!

No har eg blada meg gjennom en del haust- og vinterkatalogar, og det er akkurat som eg trudde veldig mykje fint av både klede, fargar og #interiør også denne gongen! Heldigvis er det ikkje slik at eg treng å kjøpe meg det som er nytt i katalogane kvar haust for å skape stemninga. Eg treng berre ei påminning om kva som skal takast fram frå gløymselen av varme klede, støvlettar og ting som vart sette vekk før sommaren. Stort sett så har eg vel noko som liknar eller som kan gjere same nytten som det eg drøymer om frå katalogane. Dessutan er det ikkje vanskelig å lage til en koselig krok der en kan gøyme seg vekk når det regnar og bles ute. Et pledd, noko varmt i koppen, tøfler og ei god bok, så er eg der! 

Dette er favorittstolen her i huset! 

Milla er veldig glad i sofakos! 




Ruter, tweed og enkelte stripemønster går igjen som mønster på hausten, både på klede og møblar og tilbehøyr. Det er klassiske mønster som kjem att år etter år, og som eg assosierer med engelske filmar med lauv på gatene, tweedkledde menn og studentar med ullblazer og strikkaskjerf. Både stilen og erkeengelske filmar og seriar gjev meg av ein eller annan grunn god hauststemning. Desse stilige serviettane frå Scapa Home (pris ca 60 kr per pakke) gjer seg godt på et haustbord, og har nettopp tweed og rutemønster som seg hør og bør!

Synest du dei var fine? Då kan du vere den heldige som får desse i postkassa di. Alt du treng å gjere er å legge igjen en kommentar (ikkje noko krav til innhald) under dette innlegget for å bli med i trekninga. Mandag vil det bli trekt ut en vinnar her på foreldresiden! Den heldige får en e-post frå meg slik at eg kan få navn og adresse! #giveaways #konkurranse

Det fine bøketreet vårt gjev meg skikkelig godfølelse, og eg synest det virkelig kjem til sin rett i haustlyset!  

Ha en lun og koselig laurdagskveld! 

#interiør #hus #hjem 


... 8 kommentarer

Heimelaga knekkebrød!

Her i huset har vi alltid kjøpt og forbunde knekkebrød med Wasa husman. Dei er forsåvidt greie nok og gjer nytten når vi skal ha noko raskt å ete, men eg skal ærlig innrømme at dei ikkje er veldig spennande i lengda. Etter å ha høyrt mange fortelle at dei har prøvd å bake knekkebrød, og at det både er vellykka og lettvint, fekk eg lyst til å prøve sjølv. Det fins nok mange forskjellige oppskrifter, men dette er altså den eg har baka meg fram til og som har blitt favoritt her i huset! Dei fungerer både som frokost, skulemat, snacks og kveldsmat. Og dei er skikkelig gode! 

Oppskrift på knekkebrød: 

3,5 dl grovt rugmjøl - 3,5 dl store havregryn - 1,5 dl sesamfrø - 2 dl solsikkefrø - 1 dl linfrø - 1 dl havrekli - 1,5 dl valnøtter - 1 ts salt - 2 ts honning - 7 dl vatn

Sett ovnen på 160 grader varmluft

 

Grovhakk valnøtter, ha alle tørre ingrediensar i en bolle. Drypp honningen på og hell vatnet i bollen. Bland alt godt sammen. Legg bakepapir på 2 bakeplater. Fordel deigen på dei to platene. Bruk en slikkepott til å stryke deigen jamnt utover platene. Dess jamnare deigen er dess jamnare blir steikinga og en slepp brente, tynne kantar. 



 

Sett begge platene i ovnen. Etter 10 min ta ut platene og skjer opp i passelige knekkebrød med et pizzahjul og sett platene tilbake i ovnen. La knekkebrøda stå inne i ca 20 min til, bytt om på platene slik at dei byttar på å stå øverst og nederst. Deretter nye 20 min og bytt plass x 2, total steiketid blir 1 time og 10 min. Dersom du vil ha knekkebrøda endå meir sprø etter at steiketida er over, slå temperaturen ned til 90-100 grader og la knekkebrøda stå i ovnen til du får dei så sprø du vil ha dei! Aller best resultat har eg fått når eg har tatt ut knekkebrøda 5 min før dei er ferdigstekte, tatt raskt av bakepapiret og lagt dei på rist i ovnen dei siste minutta. Då blir knekkebrøda sprøare, og papiret løsnar lettare. 

 

 




Dette er både godt og enkelt, og ikkje minst sunt! Eg har sjølv introdusert knekkebrøda til 12-åringen og 13-åringen som i utgangspunktet ikkje er så glade i brød og kornprodukt. Sidan det er viktig for unge å få i seg nok grove kornprodukt, tenkte eg at heimelaga knekkebrød kunne vere ei løysing. Dersom det er nokre av ingrediensane en vil droppe eller noko en vil legge til, er mi erfaring at det går greitt så lenge totalmengda av det tørre og det våre er den same. God baking! 

 


... Ingen kommentarer

Mobbing - ein skamplett i samfunnet!

Når eg les om mobbing og mobbeoffer som har fått barndommen og gjerne heile ungdomstida si ødelagt på grunn av mobbing, blir eg kvalm. Eg synest at å mobbe er noko av det verste et menneske kan gjere mot et medmenneske.
Nokon meiner kanskje at å utøve vold er verre fordi det medfører smerte og kan føre til store og kanskje varige fysiske plager. Samtidig er det straffbart etter norsk lov og ligg innprenta i oss at dette er noko vi ikkje skal gjere mot andre menneske. I følge nokon av dei som sjølv har opplevd å bli mobba (eg har lese to artiklar om dette nylig), er det nesten betre at mobbarane bankar dei opp når dei kjem på skulen enn at dei "berre" held på med den psykiske terroren. Då er det i det minste nokon som ser at det skjer, uttalte ei ung jente som fekk ungdomstida si ødelagt på grunn av mobbing.
Barn skal ikkje måtte gå gjennom noko sånt. Å vere barn bør handle om å få lov til å vere mest mulig bekymringslaus! 



Problemet med mobbing er at det ofte er ganske usynlig for utanforståande, og det kan vere vanskelig å bevise kva som faktisk har skjedd når for eksempel skulen skal opprette sak og sette inn tiltak. Når er det mobbing, og når kan problemet bunne i subjektive opplevingar frå barn som kanskje ikkje har så lett for å tilpasse seg sosialt? 
Eg er ikkje ekspert på mobbing, ei heller har eg gjort djuptgåande journalistisk eller faglig undersøking rundt emnet. Likevel kjenner eg at dette er noko som engasjerer meg og opprører meg når temaet kjem opp i aviser og TV eller når det blir diskutert i andre samanhengar. Eg lurer på korleis det i mange tilfelle kan gå så langt som det gjer utan at nokon tek skikkelig affære og ryddar opp. Eg les om barn som alltid er åleine, som blir oversett av andre barn, ledd ut og erta på skulen, ungdommar som sit heime med psykiske vanskar på grunn av at dei har vore hakkekylling i mange år. 
Eg tek meg også i å lure på kvifor det er mobbeofferet som i dei fleste tilfella må vike, f.eks. bytte skule. Det er sjeldan eller aldri eg høyrer at saka enda med at mobbaren må bytte skule!? Ikkje nok med at dei som blir mobba har blitt utsett for utallige vonde opplevingar, dei skal også måtte gå gjennom vanskelige periodar med skulebyte, i nokre tilfelle også flytting til en ny plass.
Eg har sjølv bekjente som har barn som har måtta bytte skule på grunn av at dei har blitt mobba. I det eine tilfellet foregikk det systematisk utfrysing over lang tid, en type mobbing som er vanskelig å oppdage og komme til livs, men som voksne like fullt må slå hardt ned på. Det vart en årelang kamp for foreldre og barn, og eg kan berre ane korleis foreldra må ha hatt det og kor makteslause dei må ha følt seg når dei ikkje fekk den hjelpa dei burde fått. 



Det er vi foreldre som har det heile og fulle ansvaret for å sørge for at våre barn behandlar alle med respekt! Vi må vere våkne og gjere det vi kan for å hindre at barn opplever mobbing, utfrysing og sosial utestengning. Eg kan ikkje tenke meg at nokon barn vil vere bekjente med å vere en mobbar, og det er vi foreldre som kan gjere slik at dei ikkje blir det. Sørg for at barnet inviterer også den eine jenta til bursdagsfesten sjølv om ho er litt irriterande. Sørg for å holde deg oppdatert på om det er en eller to stykker i klassen som aldri blir inviterte, og inviter dei med på det som skjer! Sørg for å vise barnet at du har god kontakt med andre foreldre, og at du ikkje er redd for å seie i frå. La deg ikkje blende av at barnet ditt er verdens skjønnaste - også våre eigne barn kan gjere feil og då må dei få veiledning! Eg prøvar så godt eg kan å leve etter dette, men det er alltid meir jobb å gjere.
Aftenposten har publisert en artikkel om at Voss som første kommune i landet startar med mobbeprogram i alle barnehagar! Det er et skikkelig krafttak i kampen mot mobbing, og eg synest det same burde gjerast over heile landet. Målet med programmet er å luke vekk mobbing før barn begynner på skulen gjennom å skape gode holdningar og legge til rette for et inkluderande miljø så tidlig som mulig. No er det mulig at Voss kommune skal innføre slike tiltak også i fritidsaktivitetane i kommunen slik at barn og ungdom vil få oppleve det holdningsskapande arbeidet overalt der dei er. Eg seier hurra for Voss! Dei fortener omtale og ros for et strålande initiativ og godt arbeid! 

Link til artikkel i Aftenposten


... 2 kommentarer

Heimelaga babymat - nydelig fruktmos!




Babymat, ulike typar mos og smoothies til baby får en kjøpt i alle slags variantar. Eg har kjøpt en del fruktmos på squeezy-tuber, men det kostar en del viss babyen et 1-2 slike per dag. Samtidig er det ikkje alle blandingane som fell i smak. Derfor prøver eg meg fram til dei beste blandingane som både er gode på smak og næringsrike*. Det er jo også kjekt å kjenne på følelsen av å ha laga det sjølv frå botnen av. I dag laga eg opp en del fruktmos som eg frys ned i små porsjonsbeger. Då har vi fruktmos i lang tid, og det er berre å plukke ut et beger frå fryseboksen en times tid før den skal brukast. Beger har eg spart opp frå sushi-måltida vi har ete det siste året. Dei begera eg brukar kjem med soyasaus i, og er akkurat passeleg store/små. 

 

Oppskrift på fruktmos: 

2 epler, 2 pærer, 2 fersken, 8 aprikosar, 1 mango, 1/2 banan

Skrell epler og pærer og legg dei i en kjele med vatn. Kok opp og la det småkoke ca 4-5 min. Gjer det same med aprikos og fersken, men desse treng du ikkje skrelle. Eg tar av skalet på fersken etter at den er kokt, og tar ut steinane så klart. Del opp mangoen i bitar. Banan kan droppast, men eg har i en halv banan sidan det rundar av smaken litt - nokre babyar syns det kan vere litt surt utan. Dersom du ikkje får tak i ferske aprikosar, kan du enten ta et par ekstra ferskenar i staden, eller legge tørka aprikosar i vatn 12-15 timar på førehand (la dei ligge i vatn over natta f.eks.). 




Ha alt i en blender, evt kan stavmiksar brukast. Pass på at det ikkje ligg igjen store bitar i mosen, dette kan babyen sette i halsen. 

 




Eg tok med ca 1 dl av vatnet som aprikosane og ferskenane kokte i, men det er ikkje nødvendig for at mosen skal få fin konsistens. Eg fekk over 1 liter ferdig mos av denne oppskrifta! 

Denne fruktmosen brukar eg både ved sidan av graut, til dessert og som mellommåltid på tur. Den er også veldig god til litt smaklaus graut som f.eks. havremjølgraut og hirsegraut. Enten kan du ha den på tuppen av kvar skei med graut, eller du kan røre den rett i grauten for å kjøle ned til passelig temperatur. 

Neste gong eg skal lage en stor porsjon fruktmos, skal eg prøve meg fram og lage en variant med fullkorn! 




*Banan inneheld en del fiber, og dessutan kalium og vitamin B6. Epler inneheld en del C-vitamin, pærer er fiberrike og inneheld noko vitaminer og mineral. Fersken er rik på A-vitamin. Både mango og aprikosar er A- og C-vitaminkjelder. Desse opplysningane og opplysningar om fleire frukter, bær og grønnsaker kan finnast på frukt.no


... 2 kommentarer

Elvis has left the building!!

Lillesnuppa mi Anna Sophia fyller 12 år i dag! Då er ho ikkje "elvis", 11 år, lenger, og ho er faktisk inne i sitt trettande leveår!



Det er veldig rart at det er 12 år sidan den lille, skjønne, mørke prinsessa kom til verda. Dei åra har vore ei sann fryd, og det har vore så kjekt å sjå denne smilande og blide jenta vokse opp og bli ei skikkelig grei og snill jente som veit kva ho vll. "Fia" har vore kreativ og oppfinnsom frå første stund, og ho har stor omtanke for alle rundt seg, både menneske og dyr. Søskenkjærleiken blomstrar her i huset akkurat slik den skal gjere, men innerst inne veit også mine barn kor heldige dei er som har søsken!




Eg sette meg ned og bladde litt i boka som eg har laga til henne. Eg har laga slike bøker til alle mine tre barn, og no når dei to eldste er store synest dei det er skikkelig kjekt å lese om seg sjølve som små og ikkje minst sjå bilder! Det slo meg då eg kom til sidene som heiter "Slik var moten" at det faktisk er ei stund sida Anna Sophia var baby - sjekk den Anastasia-stilen!! Eg hugsar at eg tenkte då eg klipte ut bildene frå det nyinnkjøpte bladet mitt at dette ville ta laaaang tid før det kom til å bli "umoderne", og at det faktisk kunne hende at jentene ikkje kom til å sjå at det var frå den tida dei var baby. Kremt... 



Det er på slike dagar eg er fornøgd med at eg har teke meg tid til å lage desse bøkene til barna. Det følest litt sjølvsagt der og då - "dette kjem vi jo ikkje til å gløyme" og "slik vil det jo alltid vere"- men eg har likevel skrive ned mykje forskjellig om utvikling, språk og andre hendingar og limt inn bilder og utklipp. No viser det seg at veldig mykje hadde vore gløymt viss ikkje eg skreiv det ned, og utklippa og bildene er heilt suverene. Jentene kan sitte og bla og fnise når dei ser meg, seg sjølve og kledene vi har på oss. Akkurat slik vi syskena gjer når vi er heime og blar i album hos mamma og pappa. 

 




Her er Erik si bok, ikkje så mykje innhald i den enno, men vi jobbar med saken! Fann ikkje den same typen som jentene sine bøker, men synest denne var fin. Skal snart finne fram blada eg har liggande frå desember og januar og klippe ut bilder av samtida og det som eg tenker vil vare i mange år. Plutselig er det Erik som sitt og blar og peikar og ler. 

 

 


... 2 kommentarer

Farlige barnevogner!?

Når en har vore ute av småbarnsfasen ei stund, er det greit å lese seg litt frampå om utstyr og sikring og elles det som er nytt på markedet dei siste 10 åra. Eg skal innrømme at eg synest det var veldig vanskelig å skulle velge barnevogn før lillemann vart fødd. Eg skulle gjerne gjort gjenbruk av den som jentene hadde då dei var små, men den selde eg slik at nokon andre fekk glede av den. Det er en jungel av ulike vogner og vanskelig å forstå forskjellen på dei ulike modellane.

Ekstra vanskelig var det fordi eg ikkje hadde ei liste med preferansar før eg begynte jakta, anna enn at vi ønska ei vogn som var god å trille på anna underlag enn berre glatt asfalt. Likevel vart jakta heldigvis kort og grei sidan vi valde ei barnevogn som ei venninne av meg hadde til sin gut på 1,5 år, og som ho dermed hadde klare formeiningar om etter bruk over lengre tid. Den same vogna vart positivt omtala av nokre andre venner av oss, og dermed gjorde vi kort prosess og kjøpte samme typen. 

 

                              
Mountain Buggy Urban Jungle



Vi googla sjølvsagt vogna før vi bestemte oss for å kjøpe den, og vi las om andre sine erfaringar med denne barnevogna, og sjekka sikkerhetstestar som virka truverdige. Vi har vore fornøgde med barnevogna og har ikkje verken opplevd noko negativt eller hatt ulykker på grunn av vogna. 

Søndag kunne NRK.no/livsstil melde om at ei vogn som er veldig lik den vi har, nemlig TFK Joggster Twist, har stått til stryk i en sikkerhetstest utført av Sveriges Tekniska Forskningsinstitut. Men den er ikkje farlig å bruke... Denne vogna har både fått stryk i og passert dei same testkrava ved ulike høve. Då lurer eg på kva slags krav dei egentlig har sett til utstyret, og om desse er gode nok? Ni av dei meste populære barnevognene vart testa, og resultatet av testen er publisert i det norske bladet Foreldre & Barn. Det har ikkje eg lese, men skal prøve å få tak i det.

Artikkelen seier at det blant andre manglar dreier seg om at skumplasten på bøylen på sittedelen er enkel å tygge av og kan medføre fare for å bli kvelt, men at det kan vere at dei berre har fått inn et dårlig testeksemplar av vogna. No skal ikkje eg vere hysterisk på nokon måte, men det burde vel vere grunn god nok til å gjere noko med den bøylen. Vår lillegutt har brukt sittedelen på vogna i over 1 mnd no, og slik han held på å tygge på alt han kjem over hadde ikkje eg vore komfortabel med å gamble på at det berre var testmodellen som var litt skranglete...  

Dersom det først skal stillast særskilte krav til sikkerhet på barneutstyr, så må dei vel vere så godt formulerte at dei kan luke vekk utstyr som kan utgjere en risiko? Det vert lite truverdig viss ikkje. Forbrukerrådet rådar folk til å sjekke sine eigne barnevogner og reklamere til butikken dersom dei finn feil. Så alle som har TFK Joggster Twist kan berre gå ut og begynne å tygge på skumplasten!

 


... 2 kommentarer

TV i retrostil!

Når eg likevel står opp med fuglane (og minstemann) i helgane og han skal sove igjen en time etter frokosten, set eg meg ned og klikkar litt rundt for å sjå kva som skjer i resten av verda. Les litt nyheter, drikk en stor kopp sterk kaffi og prøver å nyte morgonen. Eg er B-menneske, så eg seier prøver å nyte. Hadde eg fått velge mellom å stå opp eller sove vidare når klokka er mellom 6.30 og 7, så hadde eg nok blitt liggande ei stund til. Likevel må eg innrømme at det er godt å komme i gong litt tidlig, eg får meir ut av dagen og det kjennest ut som at det er litt fleire timar i døgnet - faktisk. Sånn sett er det greitt å få en dytt i baken...






Det eg klikka meg forbi i dag, var blant anna en veldig stilig TV. Store, svarte flatskjermar er ikkje det penaste eg veit å ha i hus, men vi likar å sjå på TV og då er det ikkje så mange alternativ. Før no! 

                                                  

Klikk for større bilder

Denne synest eg var veldig stilig! Dette er noko heilt anna enn det som har vore av flatskjermar til no. Vi har ikkje en heim som akkurat er prega av retrosjangeren, men eg skulle fått den til å passe inn likevel. Viss vi trengte ny TV. Eg har nemlig nylig sagt til Christian at det vi har er godt nok, og at vi ikkje treng ny TV berre fordi det er betre lyd og betre bilde på dei nye flatskjermane frå eitt eller anna merke som satsar på lyd og bilde. Dei var svarte og store dei òg.

Då er det heller ikkje god grunn til å skaffe ny sjølv om denne nye TV'en er finare enn den vi har. Men om nokon som klikkar seg innom her en søndag formiddag tilfeldigvis er på jakt etter ny TV, og ikkje har lyst på en vanlig svart en, så er denne frå LG et hett tips! 

Eg må også berre seie at gjennom morgontåka som ligg på augene den første timen før kl 8, så trudde eg denne dama stod og letta på skjørtet. Skal seie koreanarane er sprelske av seg i TV-lanseringskampanjen, tenkte eg. Det viste seg at ho berre sitt på mediabenken. Eg hadde det artig et par minutt før eg innsåg kor anstendig ho faktisk er på bildet. Det er tross alt TV i retrostil ho skal presentere... 

 

#interiør #TV #retro #flatskjerm

 


... Ingen kommentarer

Scones til helgefrokosten!

Eg er ingen superkokk eller bakar å snakke om, men eg har mine glansnummer, om eg kan kalle dei det. Nokre matrettar og nokre bakstetypar som eg bakar igjen og igjen. Både fordi eg veit at eg får dei til, og fordi gjengen eg bur med synest det er godt. Eg lagar ofte mine eigne variantar av oppskriftene, enten fordi eg vil ha meir av en smak, mindre sukker, evt manglar vi nokre av ingrediensane. Nokre gongar blir det skikkelig godt, endå betre enn oppskrifta, men så hender det også at det blir mindre vellykka. Eksperimentering på kjøkkenet er uansett artig. Aller best er det når det eg skal lage tek kort tid å få ferdig! 

 




Eg tenkte eg skulle dele ei enkel og rask oppskrift på scones. Den kan lagast som fine eller grove scones, med eller uten rosiner og det tek ca 20 min inkludert både baking og steiking. Når vi har besøk eller berre har lyst på noko godt til frokost eller lunsj i helgane (kvardagane er travle nok, og då prøver vi å holde oss til vanlige grove kornprodukt), lagar eg ofte scones etter denne oppskrifta. Det er skikkelig godt, litt annleis enn det vi elles har på bordet og det ser godt ut. I dag var en sånn dag, og dermed vart det scones til lunsj. Fordi tenåringen i huset sov lenge og dette var frokosten hennar, tok eg halvparten fint og halvparten grovt mjøl. Både spelt og kveitemjøl kan fint brukast! 

 

 




Oppskrift på scones ca 10 stk: 

Ingrediensar: 350 gram kveitemjøl (enten berre fint eller 50/50 fint og grovt) - 1/2 ts salt - 3 ts bakepulver - 2 ts sukker (eg brukte berre 1 ts) - 50 gram smør - 2,5 dl melk - evt 1 dl rosiner

Sett ovnen på 250 grader

Bland sammen alt det tørre. Smuldre deretter smøret i det tørre.

Dersom du har lyst på rosiner, skal dei blandast i før du har i melk.

Ha i melk og bland raskt sammen med ei skei eller liknande.

Deigen skal ikkje bli seig, og må derfor ikkje blandast for lenge. 

Sett 10 muffinsformer på et steikebrett og bruk ei stor spiseskei til å ha deigen over i formene. Ca ei stor skei per form. 

Steikast ca 10-12 min avhengig av ovn. Scones skal vere litt gyldne på toppen. 

 





Denne deigen blir passelige mengder til oss 4. Dersom du vil lage dobbelt opp, pass på at du ikkje brukar for mykje bakepulver. Det trengs berre 3-4 ts til dobbel porsjon. Scones er absolutt best heilt ferske, og dei smakar fortreffelig med brunost eller syltetøy!! 

 




 

 


... Ingen kommentarer

Blåbærtur på tampen!

I går lot vi rot vere rot og oppvask vere oppvask og tok ein tur i fjellet i staden. Disse siste varme sommardagane må nyttast til fulle! Vi køyrde til Unneland og opp Gullfjellvegen og gjekk innover. Sidan vi skulle til fjells, tenkte eg å plukke en del bær og hamstre litt til vinteren. Rart korleis sankaren i meg kjem fram med ein gong det blir modne bær i utmarka! Eg tok med tre tomme yoghurtbøtter. Skulle det bli for lite, kunne vi berre fylle opp drikkekar og flasker. 


Optimist?? Javisst!! 

Vi fann en rygg med masse blåbærlyng! Og svært lite blåbær... Christian meinte han visste kven som hadde støvsugd området for det som fans av blåbær. Ylvis-brødrene hadde en TV-serie som hette "Norges herligste", og den eine som var var Blåbærkongen. 30.000 liter blåbær har han plukka i si tid! Den mannen kan plukke bær!!


Link til blåbærkongen - som også viste seg å vere en spa-konge... 

 

Eg syns på en måte det er fascinerande at han har plukka så masse, men kor solidarisk er det å tømme et stort område for blåbær? Kor mykje antioksidantar treng han, liksom?

Vi gjekk rundt i fotspora til Ylvis og blåbærkongen ei stund, men det var ikkje rare greiene vi fann. Underveis fekk vi selskap av en gjeng i kamuflasjeklede, sikkert en øvelse av ett eller anna slag. No skal ikkje eg komme med kompromitterande informasjon om forsvaret, men eg legg no ut et bilde av desse uniformerte mennene. Dei hadde laga en slags campingleir lenger nede, og det såg rett så koselig ut. Anna Sophia syns i grunnen det såg kjekt ut å vere i militæret. 




 Vi klarte å snuse oss fram til nokre små tuer og fekk kanskje ei halv bøtte viss eg tek godt i. Det var ikkje rare fangsten, men jammen rakk det til oss alle på pannekakene til kveldsmat. Det var både ferskt og kortreist, og det smakte himmelsk godt! Trur vi skal friste lykka igjen i løpet av helga! Kanskje Blåbærkongen har oversett nokre tuer...




 



 







... Ingen kommentarer

Som mor så datter!

Eg har høyrt mor mi seie i alle år at dersom ho blir som mormor på enkelte område, må eg gje henne en skarp alboge i sida. Mormor har naturlig nok vore den eldste av oss "jentene" på morssida mi, og vi har nok mora oss litt på hennar bekostning; "kva ville mormor sagt til det eg gjer no", eller "det der hadde ikkje mormor godtatt at vi gjorde" (berre noko så enkelt som å dele ut korta feil i kortspel, men lell). Så har vi ledd litt og tenkt at vi slapp unna fordi ho ikkje var der akkurat då og såg oss gjere det. 
No er mormor dessverre borte, og eg tenker på henne kvar dag. Ho var høvdingen i morsslekta mi, og den eg ringte til for å spørre om kjøttkakeoppskrift eller for å fortelle om noko heilt dagligdags. Eg tek meg faktisk i å tenke at eg skal vidareføre litt av dei tinga eg syns kunne vere småirriterande ved henne. Ho har jo alltid vore et forbilde for meg, og ingen av dei trekka ved henne som vi alltid har himla med augene av har egentlig vore så ille. Det artige er at mamma er svært nær ved å vere som mormor, også en del av dei tinga mamma alltid har sagt ho skal vere bevisst på å unngå. Det er rett og slett fascinerande korleis personlige trekk blir vidareførte i ledd etter ledd. Eg skal gjere mamma oppmerksom på det når det passar seg, men eg trur kanskje ikkje ho vil sjå likheta like tydelig som eg gjer. Då kan eg more meg litt på hennar bekostning. 



No har eg to jenter som er så store at dei begynner å sjå det same som eg har observert hos mi mor, nemlig at vi tek etter våre eigne mødre enten vi vil det eller ei. Av og til kan dei seie at "no høyrest du akkurat ut som mormor", og jammen tenker eg det same sjølv nokre gongar. I dét eg åpnar munnen og høyrer meg sjølv snakke er det som om eg kanaliserer mi eiga mor gjennom mi stemme. Eg har jo tenkt det samme som mamma har sagt, nemlig at eg ikkje skal bli som mor mi slik og sånn. Likevel må eg vel berre innsjå at her er naturen sterkare enn den menneskelige viljen. Her må eg berre for ordens skuld nevne at eg er veldig glad i mamma mi!!



Å møte seg sjølv i døra kan vere både overraskande og skremmande. Spesielt når det er ens egne døtre som "plutselig" er så store at dei lånar både sko og klede slik at dei ser ut som meg der dei går. Då blir eg overraska over at eg som føler meg likedan som før dei vart fødde har så store jenter. Eg blir veldig stolt over at EG kan ha fått så flotte jenter som attpåtil er veldig snille og tildels fornuftigare enn mora. Verre er det når dei egenskapane eg ikkje likar ved meg sjølv plutselig openberrar seg i små glimt hos barna mine. Dei åpnar munnen og plutselig er det som å høyre seg sjølv snakke. 
Eg veit at eg hadde gått rett i strupen på min egen klone (viss den eksisterte). Det hadde blitt totalkrasj! Eg har nokre gongar lurt litt på kvifor eg og mine døtre irriterar kvarandre i gitte situasjonar, og det er vel en kjent sak at det lettare kan oppstå gnisningar mellom mødre og døtre enn mellom fedre og døtre eller mødre og søner. Eg har kome fram til at det er litt som to magnetar med samme sider mot kvarandre. Eg møter ei miniutgåve av meg sjølv, og likar ikkje heilt at dei har fått trekk frå meg som eg sjølv har hatt lyst til å forbedre. Eg skulle ønske dei kunne forstå at dei burde lært av mine feil og manglar og gjort ting annleis! Likevel er det berre å innsjå at mine barn i likhet med meg sjølv ønsker å gjere sine egne erfaringar gjennom prøving og feiling. Eg kjem likevel til å fortsette å gje gode råd og håpar dei kjem til nytte seinare! 




... Ingen kommentarer

Dei første bøkene!

I dag har eg vore ute og kjøpt bøker til minstemann på 8 mnd. Han begynte i grunnen tidlig å interessere seg for bøker. Eg trur det var mest fordi det var fine bilder på permen, og fordi det var kjekt at eg åpna og lukka dei, men det er like fullt ei interesse som må få næring! For litt sidan kjøpte eg et par koselige barnebøker med pop up-flippar på bokhandelen på litteraturhuset i Bergen, egentlig mest fordi det var så koselig der inne. Bøkene var bra dei, men litt for avanserte for alderen til Erik Nicolai. Derfor har eg mangla noko vi kan sitte og pludre med når vi har ei kosestund. Eg må innrømme at eg ikkje har tatt mot til meg og gått på loftet for å leite etter bøkene som Anna Sophia og Rebecca hadde då dei var små. Innkjøpet i dag forsvarer eg veldig enkelt med at Erik Nicolai må få litt nytt og ikkje berre arve fordi han er minst. Sjølv om eg egentlig meiner at det er flott med gjenbruk og at både klede og leikar går i arv! Eg skal ha det på to do-lista mi å gå gjennom kassene på loftet...





På Ark bokhandel på Nesttun hadde dei mange fine bøker til dei minste, og eg handla inn bl.a. ei lita peikebok som kan henge på vogna. Det er skikkelig lurt at det går an for barnet å sitte i vogna og leike med boka uten at den går i bakken heile tida slik det meste gjer om dagen. Den store hobbyen til minsten er å kaste alt på golvet. Det har eg lese skal vere god læring, så då får han holde på - eg plukkar opp att og opp att. 





 
Eg hugsar at eg lånte et par bøker om Serafin og Plym då jentene var små, og vi las dei om og om igjen. Då eg fann denne på bokhandelen i dag (på supertilbud!) måtte eg berre kjøpe den. 
Disse bøkene minner meg av en eller annen grunn om "Hvor er de alle sammen"-bøkene. Broren min hadde dei då han var liten, og han las dei i fillebitar! Eg tenkte å prøve å finne dei på nettet. Det hadde vore kjekt å ha dei på lur til Erik er stor nok til å bli interessert. Kanskje et tips til bursdagønske til 1-årsdagen? 



Vi er allerede i gong med å lese i bøkene, og forhåpentligvis er dette den perfekte sengelektyre dei kommande månadene. Eg tar gjerne i mot tips dersom nokon som er innom bloggen kjenner til gode barnebøker vi kan sette på ønskelista til jul og bursdag! 
Åja, og så må eg få nevne at det er Anna Sophia på 12 år som er fotograf på dette innlegget!

... Ingen kommentarer

Matpakken - hot or not?



Så har skulen starta igjen, og det betyr et gjensyn med vår gode venn(?) matpakken. I åtte år (12 år dersom eg reknar med barnehagetida) har eg måtta vri hjernen for å komme på ikkje berre kva som var suksess og fiasko i fjor, men også kva eg skal handle inn for at barna skal få i seg mat i løpet av dagen. No er dei så store at dei ofte lagar maten sjølv, men dei skal uansett kunne finne noko i kjøleskapet som fristar på matpakken. 
Eg er ikkje stor tilhengar av å lage kunstverk av grønnsaker og ansikt på skivene, så det er ikkje slike tips eg skal komme med. Då legg foreldrene lista høgt, og skyt seg sjølv i foten etter mi meining. Med mindre ein faktisk har så god tid at det er mulig å få det til kvar morgon? Eg tenkte eg skulle fortelle om kva som har fungert for mine søte små. Dei har nemlig ikkje vore spesielt interesserte i brød med ost i matpakken! 
Då eldstejenta begynte på skulen sende eg med henne det som i mine auge var appetittelige brødskiver med godt pålegg (Eg tek med vilje ikkje med barnehagetida her, for då hadde dei ofte det dei kalte smørelunsj med skiver og ferskt pålegg). Stort sett kom ho heim frå skulen med urørt matpakke og skulda på at ho enten ikkje hadde tid til å ete eller at det var noko som kom i veien. Det viste seg at det ikkje var tid eller aktivitetar som var problemet, men at ho ikkje likte skivene etter at dei hadde vore i matboksen en halv dag. Vi lever i et overflodsamfunn, og eg har full forståelse for at nokon meiner at dette er problem som ikkje burde eksistere og at barna må ete det dei får. Tru meg, eg har også snakka om at det fins barn og voksne som ikkje har mat og som ville blitt veldig glade for skivene i matboksen. Likevel vil ein som forelder at barna skal ete og få i seg nok næring og energi til å holde en heil skuledag. Dermed begynte mi jakt på den "perfekte" matpakken. Her er mine erfaringar: 
  • Variasjon - eg oppdaga raskt at dersom eg sende med barna det same i matboksen over lengre tid, vart dei lei av det og eg måtte tenke nytt - igjen.
  • Middagsrestar - mine barn sleika matboksen rein dersom dei fekk med for eksempel kald lasagne eller en kald pastarett i matboksen. Her kan ein berre finne ut kva barnet likar og kva som egner seg også kaldt, og så lage en dobbel porsjon middag. Då slepp ein samtidig å gjere noko som helst om morgonen! To fluer i en smekk :)
  • Pakk tomat eller andre grønnsaker i små boksar. Mi erfaring er at barn syns alt som er smått er gøy, og at dei et det opp oftare enn om det ligg samla i ein stor matboks. 

 




Dersom eg skal nevne nokre kalde rettar som har fungert veldig bra som matpakke her i huset, så er det følgande: 
  • Omelett med ost og skinke (lagast enten dagen i forveien eller om morgonen dersom ein har tid) 
  • Lasagne
  • Kokt fullkornspasta/makaroni med skinke (og tomat og mais i små boksar på sida)
  • Chicken fried rice. Fancy navn, men vår enkle versjon er berre stekte kyllingbitar, kokt ris, mais, litt grillkrydder, 1-2 egg. Ha alt i en  varm wok og bland saman. Steik 3-4 minutt. Ha det gjerne som middag dagen i forveien og fordel i matboksar når det er avkjølt. Enkelt, sunt og veldig barnevennlig! 
  • Kjøttkaker med eller uten saus og poteter. 
  • Fiskekaker - eg har brukt og varme dei litt på morgonkvisten og pakke dei i folie før eg legg dei i matboksen. 

 



Eg håpar dette kan vere til hjelp dersom du som meg strevar med å få barna til å ete på skulen eller i barnehagen. Her er det berre fantasien og smak og behag (og hygiene) som set grenser!

... 2 kommentarer

VELKOMMEN TIL FORELDRESIDEN!

Velkommen til denne bloggen som skal handle om erfaringar og aktuelle tema som opptar meg som mor til en guttebaby på 8 mnd og to jenter på 12 og 13 år. Eg kjem til å skrive om praktiske og kvardagslige tema og av og til meir personlige tankar rundt livet som mor og alt det fører med seg av gleder og bekymringar. Alt eg skriv er basert på egne erfaringar, tankar og meiningar og står for mi rekning åleine. 
Forhåpentligvis kan bloggen inspirere, tipse og/eller oppmuntre andre som er i samme situasjon som meg, enten det gjeld min tidligare situasjon som enslig mor til dei to jentene mine, eller min nåverande situasjon som nybakt mamma og samboer (med en fabelaktig flott fyr) og evt utfordringar med mine og våre barn. Et tema som er superaktuelt for meg, og som eg kjem til å ta opp ofte, er livet som tenåringsmor! Det har eg skjønt kan by på både overraskelsar og utfordringar! Eg er klar, bring it on! Trur eg? 

... 2 kommentarer
Les mer i arkivet » Oktober 2013 » September 2013 » August 2013



Image and video hosting by TinyPic Gry, mor til 3 barn i alderen 0 - 13 år. Har to jenter på 12 og 13 år frå et tidligare ekteskap. Er samboer med Christian som er pappa til minstemann. I familien har vi også hunden Milla, ei 3 år gammal Gordon Setter-tispe. Eg kjem opprinnelig frå Stad i Ytre Nordfjord, men har bodd det meste av mitt voksne liv i Bergen. Skriv om ting som opptar småbarn- og tenåringsforeldre sett frå eit opplevd og kvardagslig perspektiv. Eg kjem også til å legge ut litt om andre ting som interesserer meg, blant anna om mat, helse, hund, hus og heim, møblar og interiør. For kontakt, send epost: foreldresiden@gmail.com

+ Legg meg til som venn

KATEGORIER

ARKIV

SISTE INNLEGG

DESIGN

  • Albiss.blogg.no
  • hits